Ein umåteleg viktig marknadsplass

Ein umåteleg viktig marknadsplass

Knut Birkeland er ein velkjend forretningsmann i lokalmiljøet på Evje. I meir enn 20 år he han vore sjef i eiga verksemd. Autoservice Evje AS har gjennom alle desse åra synt seg som ein stadig viktigare aktør i marknaden. Eit stadig aukande sal av både nye - og brukte bilar ber bod om nettopp dette. Under same tak finn ein og ein topp moderne bilverkstad. Stadig fleire sambygdinger, setesdølar - og ein og annan audnedøl har oppdaga at ein så visst ikkje treng å reise til byen for å handle seg ny bil.

Knut Birkeland nøler ikkje så mykje som eit tiande-delt sekund når han fær spursmål om han vert å finne som utstillar på Naturligvis.
- Naturligvis, og heilt sjølvsagt, seier Knut.
- Dette er ein umåteleg viktig marknadsplass for oss på Autoservice .Eg he beint fram ikkje heilt øvesikt på kor mange gonger me har vore tilstades på messa på Evjemoen, men det var vel kanskje eit par gonger heilt i oppstarten at me skulka.
No er Naturligvis ein sjølvskreven del av teminlista vår.
Det er klinkande klårt at blant 12000 - 15000 gjestar, i løpet av tre dagar,så finnast det mange potensielle kundar for oss. På stemneplassen kjem me tett på publikum, og me fær presentert bilane våre på ein framifrå måte.
Her treff me kundar, og godtfolk elles, som ikkje høyrer til i vårt naturlege nedslagsfelt. Slik kan me utvide eit allereie stort nettverk. Slik kan me møte nye - og noverande kundar på ein heilt spesiell måte.
Og når sumarsola spreier sine varmande stråler over Nordre -Leir på Evjemoen, ja då hentar Knut fram dei alle beste tilboda på velkjende bilmodellar frå m.a. Fiat, Kia, Suzuki  eller Isuzu.
Naturligvis har vorte ein av dei aller viktigaste marknadsplassane på heile Sørlandet. Knut Birkeland, Autoservice Evje, lyt take sin del av skulda for det.
Han kjem attende. Kvart einaste år. I august.
 

Eit kjend syn på Naturligvis - kvart einaste år.

Autoservice på Evje stiller med eit skarpskodd team . Både salg - og sørvis.