Trygve Jokelid - troppsjef på fire hjul

Trygve Jokelid - troppsjef på fire hjul

Det er komplett umogeleg å løyse billett på Naturligvis utan at du i løpet av den fyrste klokketimen møter på denna underlege og venesæle figuren. Ein vil vonleg ikkje fornærme nokon som helst når ein omtalar Trygve Jokelid som sjølvaste dugnadsgeneralen. Saman med gode vener, ihuga medhjelparar - og trugne læresveinar så er Trygve å finne på stemneplassen minst ei veke i forkant av sjølve messa. (foto: øysterin moi )

Trygve he kontroll på det aller meste som skjer inne på grasvollen - og ute på parkeringsplassen. Frå kommandoplassen, i førarsetet på ein velbrukt 4-hjuling, styrer han troppane sine med militær presisjon. Ei dryg veke før sjølve messa tek til, og fleire dagar etter at dei siste utstillarane har pakka ned handelskofferten sin, så svirrar Trygve og gjengen rundt i Nordre Leir. Hundrevis av kvadratmeter med telt skal setjast opp, fleire hundre meter med gjerde og merkebånd skal på plass. Bord, stolar, dasspapir, håndsåpe, søppeldunkar, fleire kilometer med strøymkabel -  og fleire billass med informasjonstavler av ulike slag skal setjast ut på nøye oppmerka plasser. Trygve he ein plan. Dugnadsgeneralen. Ingen byråkrat. Alle detaljane sit som spikra. I hovudet. År etter år. 

(alle foto: øystein moi )